Program for regional Yrkesmesse 2009

Yrkes og karrieredagane startar tysdag den 10 november og går over tre dager til 12 november. Opprigging kan skje frå kl 1200 på mandag den 9 november.

Programmet vert likt for alle tre dagane:

Kl 0900  Oppstart i kinosalen med info. Deretter vert elevane guida vidare til ulike standar, og vil være innom alle standane dei tre timane fram til kl 1200.

Kl 1200-1300 Matpause for standpersonell og guidar.

Kl 1300  Oppstart i kinosalen med ny gruppe elevar som vert guida vidare til standane i løpet av tida fram til kl 1600.

 

 

 

 

Sjå under bilde for meir tekst.

Yrkes og karrieredagane 2009

Yrkes og karrieredagane 2009 vert i veke 46, 10.-12. november.

Nytt i år er at den tradisjonelle Yrkesmessa vil bli slått saman med Karrieredagane som er eit satsingsprosjekt i regi av Fylkeskommunen i Molde. Samanslåinga vert derfor sett på som eit pilotprosjekt for bruk i resten av fylket frå neste år dersom avviklinga vert vellykka. Noko den sjølvsagt skal bli! Eit sentralt krav frå Fylkeskommunen er at det skal lagast ulike aktivitetar spesielt retta mot 10. klasser i dei sju kommunene på Ytre Søre.

Nytt er også at elevane på 10. trinn skal delast mellom messa i Herøyhallen og Høgskulen i Volda. Dette gir sjølvsagt nye logistiske utfordringar i forhold til tidlegare år. 

 Vidare er styringsgruppa heilt klare på at presentasjonen av regionen og karrieremuligheitene også skal omfatte alle trinna på vidaregående. Det er eit sterkt ynskje frå styringsgruppa om å lage YK-dagar som det skal gå gjetord om. Dette inneber at sjølve organiseringa i lokasjon Herøyhallen vil ha eit litt anna innhald enn den tradisjonelle Yrkesmessa.

Busstransport til, frå og mellom lokasjonane

Transportplanen for skyss av elevane er ikkje klar ennå. Den vert lagt her seinare. 
Denne finn du ved å gå inn på linken for  Skulane, velg deretter Praktisk informasjon.

Besøksplan for Yrkesmessa 2009

Under ser dykk besøksplanen til Yrke og karrieredagane for dei ulike skulane.
Kvar dag vert elevane delt inn i  puljer, og losa av guidar på inntil 6 ulike stasjonar. Inndelinga av puljer går fram av transportplanen som ligg
under praktisk informasjon for skulane. (linken i venstre
marg).

Sjå link nedanfor for detaljert oppsett.

 

 

Det gode liv på hav og land

Det er laga ein flott video for det gode liv på Søre Sunnmøre. Her finn du nokre av dei varierte muligheitene du har, samt eit uttal av yrker du kan få vite meir om. Lukke til med bruken.

Klikk her for å sjå videoen

 

Yrkes og karrieredagane
2009

Vertskommune:
Herøy kommune
6090 Fosnavåg